torsdag 28. mai 2015

Primusfyring i telt

I mai var klassen på Jostedalsbreen på skitur. Turen starta opp Fårbergstølsbreen i Jostedalen og slutta ned Flatebreen i Fjærland. Dette var den siste turen på B2 og mange av momenta vi har vore igjennom i vinter vart repetert på denne turen. Primusfyring i teltet er noko vi har gjort på dei fleste turane i vinter, så synes det var høveleg å skrive om.

Dersom ein er klar over dei viktigaste faremomenta knytt til primusfyring i telt kan det gjerast på ein relativt sikker måte. Ein må likevel sjølv avgjere kva ein meiner er trygt utifrå den situasjonen ein befinn seg i.
Allereie ved val av drivstoff kan ein redusere risikonivået. Raudsprit og gass er som regel uegna for vinterfriluftsliv så grovt sett står det mellom parafin og bensin.  Her er fordel og ulemper knytt til desse to brennmateriala.

Bensin
+ Brenn reint med god driftsikkerheit
+ Forvarminga går fort

- Bensin er eksplosivt

Parafin
+ Mindre eksplosivt

- Meir tidkrevjande forvarming, krev helst raudsprit
- Meir soting


Det viktigaste er uansett at ein kjenner primusen sin slik at ein ikkje får nokre uforutsette overraskelsar under vegs. Forvarminga bør foregå i ytterteltet, og om ein er usikker på brennaren kan ein forvarme i kuldegropa eller utandørs om været tillet det. Når primusen er komme i gang og brenn fint går det an å ta den med i innerteltet. Her kan ein oppnå ein svært varm og behagleg tempratur sjølv om det skulle vere tosifra kuldegrader utafor. Ved å ha brennaren i innerteltet er det også lettare å tørke fuktige klede. Skal ein fyre i innerteltet bør ein lage eller gå til anskaffelse av ei plate til å ha under primusen. Den sørgjer for at primusen står støtt og gjer ekstra sikkerheit ved evt. lekkasjar.
 
 

Ved ufullstending brenning i primusen kan det produseres kullos. Ufullstendig forbrenning skjer ved det er for lite oksygentilgang under forbrenninga, vanlegvis som følgje av svakheitar i konstruksjonen. Kullos er ein usynleg og luktfri gass som er farleg fordi den bind seg svært lett til raude blodlegeme når den vert pusta inn. Dersom ein innhallerar mykje kullos tar den nesten all kapasiteten som skulle vore brukt til oksygentransport. Derfor får ikkje kroppen tilstrekkeleg oksygen og ein blir trøtt og apatisk før ein i stille sovnar inn. Dette er grunnen til at gassen er svært farleg.

Produksjonen av kullos er mykje større når flammen vert kjølt ned av ei kjele enn når flammen får brenne fritt. Ein bør difor koke mat og smelte snø i ytterteltet og sørgje for lufting om nødvendig. Ein skal også vere varsam på at gassen samlast opp i teltet grunna lav luftutskiftning når snømattene er spadd ned og det gjerne ligg snø og is i ventilane.

Dersom ein kjenner til desse farene og handlar deretter vil som regel primusfyring i teltet vere meir til hjelp enn det er farleg.

Jostedalsbreen
 
 
 
 
Kjeldehenvising:
Friluftsliv (2010), Sikker primusfyring, Henta frå: http://www.friluftsliv.no/turutstyr/sikker-primusfyring.html
 


Ferdsels- og køyremønster

I slutten av april var klassen på tur i Hurrungane for å få erfaring knytt til ferdsel i meir alpine omgjevnadar. Lokaliteten for turen var Ringsdalen, der Lauvnostind vart eit av turmåla. Siste dagen vart det tatt ei avgjersle om å reise til Steindalsnosi lengre aust i håp om betre sikt. Felles for desse turane var fokus på godt ferdsels- og køyremønster som eg har valgt å skrive om i høve dette innlegget.

Gode køyremønster har tre funksjonar.
  1. Minimere belastninga på henget slik at det er mindre truleg at ein løyser ut eit skred.
  2. Minimere konsekvensen ved eit skred ved å sørgje for best mogleg sjanse til å unngå å bli gravlagt under snøen.
  3. Sørgje for at der alltid er nokon som kan gjennomføre kameratredning så raskt som mogleg.
Gode køyremønster bør vere ein vane som ein alltid nyttar uavhenging av skredvurderinga.


Eksempel på gode ferdsels- og køyrevanar er å:
  • Ha avlastningsavstand når ein går i heng over 30 grader.
  • Køyre ein og ein i terreng over 30 grader.
  • Halde auge ned dei du køyrer saman med.
  • Stoppe berre på trygge stadar.
  • Aldri falle i terreng brattare enn 30 grader.
  • Kontinuerlig vurdere konsekvens ved skred.
  • Terrengfeller.
  • Andre personar i terrenget over eller under deg. 
    Eksempel på godt køyremønster. Ein og ein, medan gruppa følg med.


    Kjeldehenvising
    Nes, C.L. (2012), Skikompis. Førde: Selja forlag. 
     

onsdag 27. mai 2015

Pagodebål

I mars var det tid for eigenferd saman med to andre medstudentar. Vi hadde sett oss ut Femundsmarka som turmål for desse dagane. Femundsmarka er kjent for god bålved. Denne veden bidrog til stemningsfulle bålkveldar i marka.


Pagodebål fungerar godt på vinteren med snødekt mark. Grunnen til dette er at bålet har ein god plattform å etablere seg på samtidig som det brukar lengre tid på å smelte ned i snøen. Bålet gjer også god varme samtidig som det egnar seg godt til matlaging.

Pagodebålet byggjes ved å leggje nokre vedkubbar ved sida av kvarandre. Legg deretter to nye kubbar på tvers oppå desse. Gjenta ein gong eller tre, alt etter som kor lenge ein ynskjer at bålet skal brenne. Lag til eit lite bål oppå pagoden og tenn på toppen av stabelen. Eit godt pagodebål kan brenne i fleire timar utan tilførsel av ny ved. Om ein legg fersk ved nederst  vil desse kubbane framleis vere inntakt når bålet er nedbrent. På denne måten unngår ein å lage stygge spor i naturen.




Bålkos i Femundsmarka




Kjeldehenvising
Nondal, I. E. (2014) Ulike typar bål. Henta frå: http://utetid.net/2014/12/bal/

Terrengfeller i og i nærleiken av skredterreng

I februar hadde klassen ein toppturcamp i Vigdalen. Fokuset denne turen var på sikker ferdsel i skredterreng, samt redning om ein skulle vere ute for uhellet. Eg har valt å skrive om terrengfeller som er noko ein må forhalde seg til å ta med i vurderingane når ein ferdast i eller i nærleiken av skredterreng.

Når ein ferdast i eller i nærleiken av skredterreng må ein heile tida tenkje på kvar ein endar opp om det skulle gå eit skred der ein er. Dei fleste skredulykkjer med døydeleg utgang skjer i terrengfeller.

Skavlar
Skavlar kan både brekke på utsida og i nokre tilfeller danne sigesprekkar i terrenget innover mot fjellet. Skavlar kan brotne av seg sjølv medan dei byggjer seg opp. Eit slikt skavlbrot kan forårsake større skred i terrenger under.

Renner
Renner samlar snø ved vindtransport frå tre kantar, vindtransport av snø aukar skredfaren.
Renneformasjonen samlar opp snø som er i rørsle av anten flak eller laussnøs, slik at skredet får større energi, fart og meir snø. Når skredet stoppar, kan ein vere gravlagt under mykje snø.

Stup og kantar
Om ein vert ført utfor stup er det innlysande at ein kan bli slått i hjel av det. Markerte terrengdetaljar, ofte med bratte kantar på grunn av erosjon, kan fungere som terrengfeller ved anten å stoppe opp skredmassar, slik at ein kan bli gravlagt djupt i snøen eller ved å danne "hengande snøfelt" Dette er snøflankar som ikkje har støtte i terrenget i nedkant og som vil gjere det mykje lettare for eit skred å starte.

Søkk og juv
Dersom ein er i eit terreng med bekkedalar, søkk og juv når det kjem eit skred, risikerer ein å få mykje meir snø over seg. Dess meir snø ein får over seg, dess mindre er sjansen for overlevelse.

Store steinar eller skog
Skred i terreng med store steinar eller skog er lite gunstig. Bråstopp mot stein eller tre kan medføre stor skade og i verste fall daud. Bråstoppen kan vere fatal i seg sjølv, men nesten like gale er det at snøen pressar på bakfrå og vil føre til endå større skade eller sikrare daud.

Rullande terreng og spenningsfelt i snøen
Terrengforskjellar kan gi små lokale leheng og spenningsområde i snøen. Ein har tre spenningsfelt i snøen: Like ved kulen der snøen blir brattare, midt i henget om det er forhald som tilseier fenomenet med stangvegg, og i botnen av henget.



Kjeldehenvising
Nes, C.L. (2012), Skikompis. Førde: Selja forlag.

Kantgrop

I slutten av Januar var klassen på vintertur over Hemsedalsfjellet. Denne turen gjekk over fem dagar, der klassen skulle gjere seg fleire erfaringar ved vinterfriluftslivet. Ei av desse erfaringane var å grave ei kantgrop i ein skavl som skulle vere bolig for den siste natta.

Om været byrjar å vise seg frå si verste side er det viktig å grave seg ned i tide. Det er også viktig at gravinga er så effektiv som mogleg. I staden for å grave den tradisjonelle snøhola som fort tar 4-5timar kan ein grave ei kantgrop på ein drøy time om ein er effektiv.

Slik bygges kantgropa:
  • Mål opp 2-3 meter inn frå snøkanten, bruk søkjestanga for å finne ut om det er djupt nok.
  • Grav ei grøft på ca. 2,5 meter, kast snøen ut og ned.
  • Grav grøfta så brei som skuldrane og ikkje djupare enn halshøgde.
  • Grav så inn til sidene slik at ein får ei bua tak som drenerer.
  • Gulvet bør vere så flatt så mogleg, å grave benkar tar ekstra tid.
  • Skjer ut snøblokker som dekkes over grøfta. Kast snø på og klapp lett.
  • Lag trappetrinn i fronten. Når gulvet er høgare enn inngangen fungere det som ein varmelås.
  • Marker inngangen ved å sette søkjestang til venstre for inngangspartiet.

Førstehjelp ved hypotermi

I forkant av Hemsedalsturen i Januar hadde klassen ein tur til Lingesete, vest for Sogndal lufthamn.
På denne turen skulle gruppene teste utstyr samt gjer seg kjent ved rutiner knytt til vinterfriluftsliv. Turen vart også nytta til å øve på førstehjelp i vinterfjellet. Eg har valt å bruke førstehjelp ved hypotermi som tema.

Vanlege årsaker til hypotermi er ulykker der kroppen også utsettes for nedkjøling. Dette kan eksempelvis vere fall i kaldt vatn, skredulykke, skade eller bevisstlausheit i vinterhalvåret.

Så snart ein mistenkjer hypoterme hos nokre i turfølgjet bør ein søkje i ly, samt få tørt og varmt tøy på pasienten, gjerne legges i sovepose. Ein sterkt nedkjølt person klarar i lita grad å produsere varme sjølv. Derfor må ein i slike tilfeller tilføre varme. Når ein tilfører varme må dette skje gradvis, for brå oppvarming kan forårsake hjartestans. Det sikraste er å tilføre kroppsvarme.

Er pasienten klar og bevisst kan ein gje vedkommande noko varmt å drikke. Er pasienten bevisstlaus men med pust, bør vedkommande leggjast i sideleie. Start hjarte og lunge redning om nødvendig og ta kontakt med medisinsk nødnummer 113. Få personen til sjukehus så skånsomt og raskt som mogleg. Ved sterk nedkjøling kan det vere vanskeleg å registrere puls og pust. Gje aldri opp håpet sjølv om pasienten skulle verke livlaus.

Eksempel på kald person


Kjeldeliste
Haugen gard, Førstehjelp i fjellet, Henta frå: http://www.haugengaard.no/F%C3%B8rstehjelp%20i%20vinterfjellet.pdf
Opdahl, Helge (2009), Hypotermi, Store Medisinske leksikon. Henta frå: https://sml.snl.no/hypotermi

fredag 5. desember 2014

Gapahuk

I november var friluftsstudentane på skogstur i Kaupangerskogane. På denne turen skulle vi nytte gapahuk til å sove under. Eg har med dette valgt gapahuk som tema for blogginnelegget.

Gapahuk
Gapahuken er forhaldsvis enkel og praktisk værelse, som egner seg godt til å sove under. Det finnes fleire variantar på gapahuk, eg har valt å to for meg to forskjellige.

Den er første varianten er forhaldsvis enkel og er rask å sette opp. Ein spenner presenningen opp mellom to trær og strekker den bakover slik at den går ned mot bakken, kor ein fester den til trær eller brukar nokre steinar.  Det er ein fordel at gapahuken er vendt mot vindretningen. Lat gjerne presenningen gå eit stykke ut på framsida av gapahuken slik at ein får minimalt med regn inn under gapahuken.
(Friluftslivrådenes landsforbund)
(Foto: Harald Otterstad)
 
Den neste varianten fungerar betre som ei meir permanent løysing og krevjer litt meir tid å lage. Ein byrjar med å lage ei ramme av rette stokkar som surrast saman med tau. Ein kan byrje med å surre ein kraftig stokk fast til to stokkar ein har satt opp parallelt mot kvarandre, evt. tro trær ved hjelp av vinkelsurring. Ein festar så stokker frå bærestokken på skrå nedover med bakken. I tillegg til presenning kan ein bruke granbarkvister eller ein duk for å dekke til reisverket.
(Friluftslivrådenes landsforbund)
(Foto: Harald Otterstad)


Kjeldeliste:
Friluftslivrådenes landsforbund, Litt om gapahuk, lavvo mm, Henta frå: http://www.friluftsrad.no/file=4927