torsdag 28. mai 2015

Ferdsels- og køyremønster

I slutten av april var klassen på tur i Hurrungane for å få erfaring knytt til ferdsel i meir alpine omgjevnadar. Lokaliteten for turen var Ringsdalen, der Lauvnostind vart eit av turmåla. Siste dagen vart det tatt ei avgjersle om å reise til Steindalsnosi lengre aust i håp om betre sikt. Felles for desse turane var fokus på godt ferdsels- og køyremønster som eg har valgt å skrive om i høve dette innlegget.

Gode køyremønster har tre funksjonar.
  1. Minimere belastninga på henget slik at det er mindre truleg at ein løyser ut eit skred.
  2. Minimere konsekvensen ved eit skred ved å sørgje for best mogleg sjanse til å unngå å bli gravlagt under snøen.
  3. Sørgje for at der alltid er nokon som kan gjennomføre kameratredning så raskt som mogleg.
Gode køyremønster bør vere ein vane som ein alltid nyttar uavhenging av skredvurderinga.


Eksempel på gode ferdsels- og køyrevanar er å:
  • Ha avlastningsavstand når ein går i heng over 30 grader.
  • Køyre ein og ein i terreng over 30 grader.
  • Halde auge ned dei du køyrer saman med.
  • Stoppe berre på trygge stadar.
  • Aldri falle i terreng brattare enn 30 grader.
  • Kontinuerlig vurdere konsekvens ved skred.
  • Terrengfeller.
  • Andre personar i terrenget over eller under deg. 
    Eksempel på godt køyremønster. Ein og ein, medan gruppa følg med.


    Kjeldehenvising
    Nes, C.L. (2012), Skikompis. Førde: Selja forlag. 
     

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar