Når ein ferdast i eller i nærleiken av skredterreng må ein heile tida tenkje på kvar ein endar opp om det skulle gå eit skred der ein er. Dei fleste skredulykkjer med døydeleg utgang skjer i terrengfeller.
Skavlar

Renner
Renner samlar snø ved vindtransport frå tre kantar, vindtransport av snø aukar skredfaren.
Renneformasjonen samlar opp snø som er i rørsle av anten flak eller laussnøs, slik at skredet får større energi, fart og meir snø. Når skredet stoppar, kan ein vere gravlagt under mykje snø.
Stup og kantar

Søkk og juv
Dersom ein er i eit terreng med bekkedalar, søkk og juv når det kjem eit skred, risikerer ein å få mykje meir snø over seg. Dess meir snø ein får over seg, dess mindre er sjansen for overlevelse.
Store steinar eller skog
Skred i terreng med store steinar eller skog er lite gunstig. Bråstopp mot stein eller tre kan medføre stor skade og i verste fall daud. Bråstoppen kan vere fatal i seg sjølv, men nesten like gale er det at snøen pressar på bakfrå og vil føre til endå større skade eller sikrare daud.
Rullande terreng og spenningsfelt i snøen
Terrengforskjellar kan gi små lokale leheng og spenningsområde i snøen. Ein har tre spenningsfelt i snøen: Like ved kulen der snøen blir brattare, midt i henget om det er forhald som tilseier fenomenet med stangvegg, og i botnen av henget.
Kjeldehenvising
Nes, C.L. (2012), Skikompis. Førde: Selja forlag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar