onsdag 27. mai 2015

Kantgrop

I slutten av Januar var klassen på vintertur over Hemsedalsfjellet. Denne turen gjekk over fem dagar, der klassen skulle gjere seg fleire erfaringar ved vinterfriluftslivet. Ei av desse erfaringane var å grave ei kantgrop i ein skavl som skulle vere bolig for den siste natta.

Om været byrjar å vise seg frå si verste side er det viktig å grave seg ned i tide. Det er også viktig at gravinga er så effektiv som mogleg. I staden for å grave den tradisjonelle snøhola som fort tar 4-5timar kan ein grave ei kantgrop på ein drøy time om ein er effektiv.

Slik bygges kantgropa:
  • Mål opp 2-3 meter inn frå snøkanten, bruk søkjestanga for å finne ut om det er djupt nok.
  • Grav ei grøft på ca. 2,5 meter, kast snøen ut og ned.
  • Grav grøfta så brei som skuldrane og ikkje djupare enn halshøgde.
  • Grav så inn til sidene slik at ein får ei bua tak som drenerer.
  • Gulvet bør vere så flatt så mogleg, å grave benkar tar ekstra tid.
  • Skjer ut snøblokker som dekkes over grøfta. Kast snø på og klapp lett.
  • Lag trappetrinn i fronten. Når gulvet er høgare enn inngangen fungere det som ein varmelås.
  • Marker inngangen ved å sette søkjestang til venstre for inngangspartiet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar