torsdag 28. mai 2015

Primusfyring i telt

I mai var klassen på Jostedalsbreen på skitur. Turen starta opp Fårbergstølsbreen i Jostedalen og slutta ned Flatebreen i Fjærland. Dette var den siste turen på B2 og mange av momenta vi har vore igjennom i vinter vart repetert på denne turen. Primusfyring i teltet er noko vi har gjort på dei fleste turane i vinter, så synes det var høveleg å skrive om.

Dersom ein er klar over dei viktigaste faremomenta knytt til primusfyring i telt kan det gjerast på ein relativt sikker måte. Ein må likevel sjølv avgjere kva ein meiner er trygt utifrå den situasjonen ein befinn seg i.
Allereie ved val av drivstoff kan ein redusere risikonivået. Raudsprit og gass er som regel uegna for vinterfriluftsliv så grovt sett står det mellom parafin og bensin.  Her er fordel og ulemper knytt til desse to brennmateriala.

Bensin
+ Brenn reint med god driftsikkerheit
+ Forvarminga går fort

- Bensin er eksplosivt

Parafin
+ Mindre eksplosivt

- Meir tidkrevjande forvarming, krev helst raudsprit
- Meir soting


Det viktigaste er uansett at ein kjenner primusen sin slik at ein ikkje får nokre uforutsette overraskelsar under vegs. Forvarminga bør foregå i ytterteltet, og om ein er usikker på brennaren kan ein forvarme i kuldegropa eller utandørs om været tillet det. Når primusen er komme i gang og brenn fint går det an å ta den med i innerteltet. Her kan ein oppnå ein svært varm og behagleg tempratur sjølv om det skulle vere tosifra kuldegrader utafor. Ved å ha brennaren i innerteltet er det også lettare å tørke fuktige klede. Skal ein fyre i innerteltet bør ein lage eller gå til anskaffelse av ei plate til å ha under primusen. Den sørgjer for at primusen står støtt og gjer ekstra sikkerheit ved evt. lekkasjar.
 
 

Ved ufullstending brenning i primusen kan det produseres kullos. Ufullstendig forbrenning skjer ved det er for lite oksygentilgang under forbrenninga, vanlegvis som følgje av svakheitar i konstruksjonen. Kullos er ein usynleg og luktfri gass som er farleg fordi den bind seg svært lett til raude blodlegeme når den vert pusta inn. Dersom ein innhallerar mykje kullos tar den nesten all kapasiteten som skulle vore brukt til oksygentransport. Derfor får ikkje kroppen tilstrekkeleg oksygen og ein blir trøtt og apatisk før ein i stille sovnar inn. Dette er grunnen til at gassen er svært farleg.

Produksjonen av kullos er mykje større når flammen vert kjølt ned av ei kjele enn når flammen får brenne fritt. Ein bør difor koke mat og smelte snø i ytterteltet og sørgje for lufting om nødvendig. Ein skal også vere varsam på at gassen samlast opp i teltet grunna lav luftutskiftning når snømattene er spadd ned og det gjerne ligg snø og is i ventilane.

Dersom ein kjenner til desse farene og handlar deretter vil som regel primusfyring i teltet vere meir til hjelp enn det er farleg.

Jostedalsbreen
 
 
 
 
Kjeldehenvising:
Friluftsliv (2010), Sikker primusfyring, Henta frå: http://www.friluftsliv.no/turutstyr/sikker-primusfyring.html
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar