fredag 5. desember 2014

Kokegrop

I oktober skulle B3-studentane ha veiledertur med studentar både frå B1 og B2. Vi vart delt i grupper og det var B3-studentane som skulle styre showet på denne turen. Vår tur gjekk til Henjadalen i Leikanger kor vi ein av dagane tok turen opp i snøværet på Kjeringi (1314moh.).
Eit av måla for turen var at vi skulle tilberede maten i kokegrop, eg har med dette valt det som tema på dette blogginnlegget.

Kokegrop er ein eldgamal kokemetode kor ein kokar kjøtet i ei grop i bakken.

Kokegrop kan lagast slik:
  1. Grav ei hole bakken der veggen skrår ned mot djupaste grunn. Størrelsen på gropa vil avhenge av kor mykje kjøt ein skal koke.
  2. Legg fint til rette med steinar i botn og langs med veggane i gropa. Steinheller er ofte det mest ideelle. Steinane bør heller ikkje vere for skarpe i kantane slik at dei kan stikke hol på aluminiumsfolien.
  3. Neste steg er å fyre opp eit solid bål i gropa. Ein må sørgje for at steinane blir tilstrekkeleg varme, så bør brenne bål i gropa i ca.  1½ time.
  4. Når steinane har blitt varma opp kan ein fjerne dei øverste for å gi plass til kjøtet. Bruk spade eller ildfaste hanskar då steinane er særs varme.
  5. Pakk kjøtet inn i fleire lag med folie slik at ein er sikker på at det ikkje vil gå hol på folien. Legg så kjøtet i gropa og dekk til med dei oppvarma steinane som skal ligge på toppen. Til slutt dekker ein til med torv, dette torvlaget skal dekke så godt at ein ikkje ser røyk stige opp frå gropa.
  6. Etter tre timer i gropa skal kjøtet vere mørt og fint. Bon Appetit! 
(Matprat.no)




(Nøgde studentar med mørt lammelår rett frå kokegropa)



Kjeldeliste:
Matprat.no, Kokegrop, Henta frå: http://www.matprat.no/matnyttig/metoder/kokegrop/kokegrop/

Illustrasjoner:
http://www.sognekultur.no/?kid=108&aid=141

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar