onsdag 3. desember 2014

Brehistorie

I etterkant av breundervisinga friluftslivklassen hadde i Jostedalen i September skal studentane skrive eit blogginnlegg som tar for seg eit tema i frå turen. Eg har eg valt å skrive om norsk brehistorie.

Den lille istida
Den lille istida er blitt ein betegnelse for ei tid omtrentlig mellom 1600 og 1800-tallet der klimaet vart kjøligare enn det var i middelalderen utan at det var kritisk kaldt. På denne tida gjorde dei kjølige tempraturane og store snømengdene sitt for at breane vaks. Ein brukar seie at den lille istida nådde sitt maksimum i 1948 då Nigardsbreen i Jostedalen nådde sin største utbreiing. Det er også verdt å nemne at det som følgje av Nigardsbreens framrykking gjekk med fleire gardar. Namnet Nigardsbreen kjem av garden Nigard som vart fullstendig rasert under den siste framrykkinga. (Haslene, Harstveit)
                                                                                      (Foto: RejseAvisen.dk)




Folketrua forklarte breveksten
Ettersom gardsbruk vart rasert og bønder med breen som nærmaste nabo fekk øydelagt avlingane sine av kulda breen avga, søkte folk ei forklaring på kvifor breen vaks. Mange såg på breens øydeleggingar som straff for folks synder. Ikkje før 1850 då glasiologien fekk sitt gjennombrot med "Viscositetsteorien" var det mogleg å forklare breens framvekst. (Haslene)



Ferdsel over breen
Det er ikkje berre dei seinare åra at folk har ferdast på breane. Kilder viser til at folk har ferdast på breane i lengre tid. Det finnes sikre kjelder på at folk ferdast på Jostedalsbreen på 1700-talet, sjølv om ein antar at brevandring er ein tradisjon som går lengre bak i tid. Det var nødvendigvis ikkje slik at folk hadde noko spesielt ynskje om å gå på breen, men skulle ein drive handel mellom vest og aust for breen lot det seg best gjere forsere den. Sjølv om desse handelsferdene slett ikkje var ufarlege vart både dyr og matvarar frakta over breen. Enkelte gongar kunne desse vandringane ende fatalt, både for dyr og menneskje. Det finnast også eksempel på giftarmål på tvers av breen. Invitasjonar gjekk med folk som hadde ærend på tvers av breen og folk kom, sjølv om det ofte var 10-15 timar å gå.
Mykje brukte ruter over breen gjekk både frå Oppstryn, Loen og Olden over til Jostedalen, men også frå Lunde i Jølster over Marabreen til Fjærland. (Haslene, Horgen)
                                                                                                      (Illustrasjon: Bernt Kristiansen)



Turisme og fjellsport i breheimen
Ettersom det på slutten av 1800-talet i Noreg på lik linje med andre europeiske land vaks fram eit borgerskap som hadde eit klarare skilje mellom arbeidstid og fritid, vart det i mykje større grad tid til å dyrke interesser og eventyrlyst. Folk hadde no tid til å utforske fjellheimen og dermed også breane. Det var også fleire og fleire turistar som etterspurte lokalkjente vegvisarar som kunne føre dei trygt over breane som igjen danna grunnlaget for breføringa.
Fjellsportfolket fatta også interesse for dei norske breane på denne tida. Fleire av dei var britar og mest kjent er kanskje William C. Slingsby som sammen med norske Kristian M. Bing var ein av pionerane i norsk bresport. Slingsby og Bing konkurrerte nærmast om å utforske dei kvite flekkane på kartet der Jostedalsbreen låg og det er i dag mange punkt på breen som er oppkalla eller namngitt av desse to pionerane.  Rundt århundreskiftet var dei fleste toppane bestege og brefalla gått, noko som førte til at fjellsportfolket si interesse for breane fall bort. Det var no ubestegne tindar og fjell som skulle fatte interesse hos denne gruppa. (Haslene)
                                                                                (Turismen kring breane auka. Her frå Lundeskaret)






Kjeldeliste:
Haslene, Sindre (2011) Breboka, Oslo: DNT fjellsport
Harstveit, Knut Erik (2009) Lille istid, Henta frå: https://snl.no/lille_istid
Horgen, Andrè (1999) Ferdselen på Jostedalsbreen, Bø: Høgskulen i Telemark

Illustrasjonar:
http://www.rejseavisen.dk/norge-nigardsbreen-i-jostedalen.html
http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Ferdsla_over_Jostedalsbreen
http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Jostedalsbreen_som_turist-_og_klatrem%C3%A5l



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar