fredag 12. september 2014

Berging av kano

I dette blogginlegget skal eg ta for meg prosedyrer ved redning av velta kano.

Det vil alltid kunne vere ein viss risiko knytt til kanopalding. Aktiviteten foregår på vatn, og det kan difor potensielt skape drukningsulykker. Med å ha ein god og fleksibel plan før ein legg ut på tur, kan ein redusere risikoen for velt samt at ein kan redusere riskoen for ulykker ved ein evt. velt.

For denne turen var turplanen klar,  første dagen skulle vi padle frå Amlabukta i Kaupanger til Holm som ligg på eit godt synleg nes vest for Amlabukta.  Dagen etter skulle vi padle frå Holm til Tingastad som ligg endå lenger vest før vi skulle padle tilbake til Holm, og derfra tilbake til Amlabukta neste dagen. Turplanen vart gått igjennom forhånd så den kom ikkje så nokon overrasking. Ved å gå gjennom turplanen på forehånd kan klare å forutse farer før ein legg ut på tur. Ruta for denne turen burde vere relativt uproblematisk med tanke på velt. Ein bør allikavel sjekke ut værmeldingane slik at ein kan gjere endringar i planen om været ikkje skulle tillate ruta som var utgangspunktet. Før turen er det også viktig at ein pakker riktig. Ein bør pakke med ekstra skift som ein kan bytte til om ein skulle vere ute for velt, samt at ein bør pakke mest mogleg vasstett.

Viktige moment før ein legg ut på tur:
  1. Aldri utpå vannet utan godkjenning og under oppsyn av ansvarlige
  2. Alltid flytevest
  3. Alltid minst ein kano/båt tilgjengelig for redning
  4. Lærere/ansvarlege – godkjent livredningskurs for vassaktivitet
  5. Elever har alminnelige svømme- eller flyteferdigheiter  
(Fossheim, 2005)



Eit av måla for denne turen var at vi skulle få øving i å berge velta kano. Den einaste gode måten ein kan øve på å berge velta kano er å utføre det i praksis, men med trygge rammer sjølvsagt.

Forberedingar:
  • Redningsøvinga vert gjennomført nært land, men skal vere min. 2 meters djupt omkring kanoane.
  • Tøyskift og eventuelle varmekilde (bål) er klargjort på land.
  • Deltakarne skiftar til badekleder. Det er gunstig å øve med normal turbekledning. Ein skal ikkje benytte støvlar i kano.
  • Alle skal bruke flytevest/redningsvest.
(Fossheim, u.å.)


Redning:
  • Ved velt av kano må ein først fokusere på å få tømt kanoen for vatn, det vil ein ikkje klare utan hjelp frå ein anna kano. Ein utfører tømming av kano ved at den/dei i den foulykkede kanoen plasserer kanoen på tvers ved hjelp frå den hjelpande kanoen.
  • Dei forulykkede henger seg fast på kvar sin ende av den hjelpande kanoen, dette for eigen sikkerheit samt stabilisere under tømming av kano.
  •  Når kanoen er tømt og sjøsatt igjen kan dei forulykkede ta seg opp igjen i kanoen ved hjelp frå begge kanoane.
 Berging av kano (Foto: Sondre Kvambekk)




Førsthjelp (Foto: Sondre Kvambekk)




Konklusjon

Å øve på berging av kano kan ein ikkje få gjort nok. Det viktigaste for denne turen var å bli introdusert for metodane som brukes for berging av kano. Dette fordi den metoden var ukjent for meg, eg vil derfor kunne handle mykje betre ved ein kanovelt etter denne turen.


Kjeldeliste:

Fossheim, K. (2005) Naturskole kano. Henta frå:
http://www.midt-agderfriluft.no/attach?page=Filer%2FMAF+-+Kano+Temahefte.pdf

Fossheim, K. (u.å.) Kano 1 - Grunnleggende ferdigheter. Henta frå:
http://www.natursekken.no/c1187998/forsok/vis.html?tid=1409401&within_tid=1408415